Reiselivskonferanse i Myrkdalen - Sjå framover!

Vågar me å tenkja store nok tankar i ein av verdas beste reiselivsregionar? I november vil me invitera både store og små reiselivsaktørar frå Voss, Hardanger, Sogn, Sunnhordland og Bergen til to inspirerande dagar i Myrkdalen!

Meld deg på her!
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfY6hFHgzzfet28gqkjOZlyFpwaJIATj5CxvfC9Ryqv9IpS3A/viewform?usp=sf_link

På denne konferansen vil me setja fokus på regionen vår, og henta inn relevant kunnskap utanfrå som me kan trekkja heilt konkret lærdom av.
Korleis kan me utvikla reiselivsproduktet vårt til å bli endå betre – for dei rette kundane? Desse dagane er ikkje berre sett av til inspirasjon, men også til diskusjon om kva me kan få til i lag.

FØREDRAGSHALDARAR:
Trygve Sunde Kolderup, medgründer i Hvitserk of Norway:
«Kvifor satsar Hvitserk of Norway på Noreg? Kva vert viktig for morgendagens besøkjande? Og korleis kan Hvitserk of Norway selja fleire turar i Voss, Hardanger og Sogn i framtida?»

Hvitserk of Norway er eit selskap utgått frå Hvitserk for å satsa fullt på naturbasert reiseliv og -opplevingar i Noreg. I tillegg til å vera medgründer her er Trygve også initiativtakar til stiprosjektet Nasjonale Turiststier, som dei siste to åra har delt ut 18 millionar kroner til Noreg sine mest populære turmål.

Fleire føredragshaldarar vert annonsert fortløpande!

PRISAR:
- Konferansepakke to dagar med middag og overnatting i enkeltrom på Myrkdalen Hotel: 2300,- per person for medlemmar av Destinasjon Voss, 3000,- per person for andre

- Konferansepakke to dagar med middag og overnatting i dobbeltrom på Myrkdalen Hotel: 1500,- p.p. for medlemmar av DV og 2000,- p.p. for andre

Det er avgrensa antal plassar, så meld deg på allereie no! Me gler oss til å sjå deg i november ????
Read more