FØREJULSKONSERT 5.0 MED JOHANNES HETLAND & THOMAS WESLEY BRASEL
Music
21.12.2026 / Monday /
19:30 - 22:00
Get tickets
Report this listing
Is this yours? Claim this listing
I fast tradisjon inviterer me til førejulskonsert i Bryne kyrkje måndag 21. desember 2026! I år berre tre kvelder før sjølve kvelden! Legg frå deg stress og styr, senk skuldrene, så skal me stå for resten!Det blir som alltid utruleg stas å få koma heim til Bryne å spela for kjente og ukjente. Me håpar alle tek turen! Sikra deg billett allereie i dag!
Johannes Hetland frå Bryne, arbeider som pianist og musikar i Oslo. Han har spelt med musikarar og artistar som blant anna Alexander Rybak, Adelén, Allen Hinds og Frode Alnæs. For tida gjer han freelance i Oslo, og speler blant anna med Anita Skorgan og Maria Arredondo for å nemna nokon.
Thomas Wesley Brasel frå Hommersåk, arbeider som musikalartist og sangar i Oslo. Han har vore med på fleire store musikalproduksjonar i Noreg og Sverige, blant anna som Sky i Mamma Mia, Fiyero i Wicked og nå som Marius Pontmercy i Les Misérables på Folketeateret.
Tangenter: Johannes Hetland
Song: Thomas Wesley Brasel
Bass: Mikal Hole
Slagverk: Lars Åge Stavran
Gitar: Mathias Lunde
Lyd: Eirik Bekkeheien
Billettar:
Vaksen 300,-
Student: 250,-
Barn fra 6 til 15 år: 200,-
Barn under 6 år: Gratis
Dører 19:00
Konsertstart 19:30
Me gler oss, og håpar du kjem!
Takk til EIKHI AS og Universe
Source: Ticketmaster